Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Gamle plassar ved Nes Verk

Lasse Trædal, assosiert bidragsyter
Agderposten 20. september 1991

Ruslar ein rundt i dei store skogane kring det gamle jernverket på Nes, vil ein kunne finne mange spor etter gammal busetnad. Nedgrodde hustufter, gamle utekjellarar, steinsette brønnar, mosegrodde frukttre og restar av bærbusker og andre hageplanter syner kvar dei gamle «verkensplassane» ein gong låg. Det meste er i dag overgrodd av skog og kratt, så ein bør helst ha kjentfolk med seg dersom ein skal finne dei gamle tuftene.

Frå gammalt av var det omlag 50 slike buplassar spreidd rundt i Verksskogen. Dei fleste plassane låg sørvest for sjølve Verket, på strekninga innover mot Heiervann. Frå dei plassane som låg lengst unna, var det ein strekning på 3.5 km i luftlinje til sjølve Verket.

Levevegen på plassane

Dei fleste av desse plassane vart truleg bygd i Jacob Aall si tid, og låg slik til at verksarbeidarane kunne skaffe seg ein liten jordveg. Rundt husa var det nokre mål med slåttemark, inngjerda med steinmurar. På nokre av plassane som låg brattlendt til – som til dømes på Grønli og Roa – kan ein framleis sjå spor etter eit nøysommeleg arbeid med å bygge steinterassar i skråningane. Desse terassane fylte ein så jord på for å utvide dyrkingsarealet med nokre kvadratmeter.

Elles kunne ein skaffe fór med å slå myrane inne på skogen. Kvar plass hadde sine myrar der det var lov å slå. Lauving var og vanleg, men likevel hende det ikkje så sjelden at ein laut plukke lyng for å halde liv i dyra når «vårkreppa» sett inn. Det vart sagt at dersom ei ku kunne stå på beina når ho kom ut om våren, ville ho greie seg.

Kua var det viktigaste husdyret. Ho kunne gje mjølk til dei store barneflokkane, og ein kalv som kunne forast over vinteren og skaffe kontantar når han blei seld til våren. Mange kunne og ha ein gris, som vart slakta til jul.

Innhusa var små og stort sett laga over same lesten – små, raudmåla stover på halvannan høgd. Ein gang på tvers delte huset i to. På den eine sida var det kjøken og soverom, på den andre sida stove. Stova vart mest brukt ved høgtider. Kjøkkenet var opphaldsrom, – her var det god varme frå den store skorsteinen med bakarovn. Uthusa hadde løe, vedskjul, do og eit lite fjøs med plass for ku, kalv og gris. I nærleiken av innhuset var det gjerne ein liten utekjellar, murt opp i ein liten skråning og tekt med tjukke jordlag.

«Å stå høgt hos Aall»

Verksarbeidarane betalte ei lita leige for desse plassane – gjerne 30–40 kroner året. Ikkje alle plassane vart sett på som like gode, det kunne vere skildnad både på husa og jordarealet, og sjølvsagt på avstanden til Verket. Det hende at ein plass kunne bli ledig, og då kunne det utløyse reine «kjedereaksjonen» inne på Verksskogen. Alle ville flytte til ein betre plass. I slike høve gjaldt det «å stå høgt hos Aall», eit uttrykk som gjekk att i mange samanheng mellom verksarbeidarane. Verkseigaren kunne dele ut små og store privilegier til arbeidarane: Buplassar, slåttetegar, «vedstykke» der ein kunne hente vinterveden, jakt- og fiskeløyve. Alt dette vert avtala med kvar einskild, og kunne vere svært så avgjerande for levemåten til verksarbeidaren og familien hans.

Dei fleste «Verkensplassane» inne på skogen var fråflytta når vi kjem inn på 1900-talet, og ingen var busette etter 1. verdskrigen. Lite er skrive ned om folka som budde der, men det lever framleis historier på folkemunne. Alle hadde levebrødet sitt frå jernverket, antan som «skaufolk», gruvearbeidarar eller arbeidarar på sjølve jernverket. Dei fleste var bort i litt av kvart, for verkseigaren på Nes dreiv ein mangslungen verksemd: Gruvedrift, skogsdrift, kolbrenning, mølle, jernsmelting, støyping og stålproduksjon.

Historier om folket på Mellom

Plassen Mellom var ein av dei som låg lengst borte frå Verket – inn forbi Ånbuvann, heilt inne mot grensa til Moland kommune. Gustav Eriksen – ein av dei eldste nolevande verksarbeidarane – kan minnast det siste paret som budde her, Lars og Åse Mellom. «Det finaste paret som ha gått gjennom kyrkjedøra». Lars var stiger i thorittgruvene inne ved Landviksotet.

På Mellom hende det rett som det var at ungdommen samla seg, både frå Verket og Austre Moland. Lars kunne spele fele – «litt gnikking, og så tralla dei vel til au tenker eg», ifølge Gustav Eriksen. Her var det dans og leven, og det kunne til tider gå livleg for seg. Men Åse Mellom hadde ord på seg for å halde kustus. «Kom her med han, så skal eg denga han!» er ei herme som går etter henne ein gong ein verksarbeidar hadde fått for mykje av det sterke og tok til å yppe.

På dei små plassane var det ingen som hadde hest. Det som skulle fraktast til hus av varer, måtte bærast på ryggen. Følgjande historie er knytt til fleire av plassane, mellom anna til Åse på Mellom:

Ein kar som var innom plassen og fekk servert graut, ville til å lese for maten. «Å, du treng ikkje bry deg», meinte Åse, – «det har vore lest mange gonger for mjølsekken på veg inn hit.»

«Jense-dagen»

Før Treungen-bana var bygd, gjekk det om vinteren ein gammal frakteveg frå Arendal til dei indre bygdene gjennom Verksskogen. «Opplandslas» vart denne frakta kalla. Ruta gjekk forbi Råbugardane i Moland, vidare inn forbi Kobbevann og Heiervann, ned til Verket og inn på Åmli-vegen. Jens Voie hadde denne ruta ei tid. Han hadde tre hestar, og to tenestegutar til å køyre. På vegen kvilde dei hestane og seg sjølv på plassane, og der det var vanskeleg med mat, hende det at dei fekk mjøl av sekkene på køyrelasset som betaling. Det kunne og vanke andre goder. Når Jens Voie kørde ruta sjølv, vart det gjerne råd med ei flaske brennevin eller to på plassane innover skogen. Kjerringane såg med gru fram til denne «Jense-dagen», for då vart mannfolka fulle, fortel Trygve Råbu.

Då plassane vart nedlagde, vart dei gamle som budde att, flytta inn til meir «siviliserte» strok. Gamle Jon Glydalen hadde budd all sin dag på plassen Glydalen – «eit avhol for Guds åsyn», ifølge sonen Jens Jonsen. Dei siste åra av sitt liv vart han buande nær E-18, og vart svært imponert over trafikken. Bilane susa forbi utan stans, og jentene som sykla på vegen, hadde ikkje meir enn eit halesté på seg, er ei herme som går etter han. (Gamle hestekarar vil vite at eit halesté er den delen av selen som går ned under halen på hesten.)

Den siste tida har interessa for dei gamle «Verkensplassane» teke seg opp, ikkje minst takka vere Nesgrenda Vel, som har skipa til fleire «vandringar» rundt på dei gamle tuftene i Verksskogen.

Kjelder

Britt Marie Tolleshaug: «Litt om de gamle verksplasser og forholdene der.» Intervju med gamle Verks-arbeiarar.

Referanser til KUBENs samlinger
Boksamling: Tolleshaug, Britt Marie: Litt om gamle verksplasser og forholdene der. Særoppgave i historie 1971. (Ref.)



Emneord:

Etter 1800,
Gruver, jern og metall,
Industri,
Arbeidsliv,
Gårder og plasser,
Landbruk,
Innlandsbygder


På dei «Verkensplassane» som låg nærare sjølve verket, står framleis mange av husa. Her «Frydentopp» i Gangdalen.


Nytt om gammelt. Artikkelserie.
Nytt om gammelt. Artikkelserie fra KUBEN, Aust-Agder museum og arkiv. Publisert i Agderposten 1983-2004.