Dampbåttrafikk på Byglandsfjorden i 150 år

Frå 1897 går dei to båtane saman på Byglandsfjorden. Her er dei båe ved bryggja på Bygland, Bjoren til venstre og Dølen til høgre. Foto: August Abrahamson.  
Frå 1897 går dei to båtane saman på Byglandsfjorden. Her er dei båe ved bryggja på Bygland, Bjoren til venstre og Dølen til høgre. Foto: August Abrahamson.  
Andre bidrag til spaltestafetten finner du her:

Av Leonhard Jansen, konservator ved Setesdalsmuseet.
Agderposten, 15. desember 2017.

I 1840 måtte du rekne halvanna til to veker om du skulle kome deg frå Valle til Kristiansand eller Arendal på handletur.

I 1899 kunne du (iallfall i teorien) telefonere til Kristiansand om morgonen, og be dei sende vara med jernbanen til Byglandsfjord. Derifrå med dampbåt til bryggja på Ose (eller opp til Granheim når det var nok vatn). Der stod valldølen klar med hest og kjerre, leste opp og køyrde heimetter Postvegen, og var heime med lasset seint om kvelden.

Kva som vert oppfatta som viktig og revolusjonerande er sjølvsagt individuelt. Og det forandrar seg over tid. Visom er vane med at butikken er oppe iallfall til kl. 21, og at ein bytur kan gjerast i løpet av ettermiddagen, har vanskeleg for å førestille oss kva dette betydde. Men i samtida måtte vissheita om at mat var tilgjengeleg nær sagt kva tid som helst, vere overordna det meste som hadde skjedd til då.

Les hele artikkelen her:

Andre bidrag til spaltestafetten finner du her: