Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mangfald og Mote

Den nye permanente utstillinga "Mangfald og Mote" opna på Elvarheim museum i 2018. Utstillinga tar for seg draktskikk i Åmli frå 1700- til 1900-talet, frå dei eldste bevarte folkedraktene til bunad og kjolemote. Utstillinga er eit samarbeid mellom Elvarheim museum, Aust-Agder museum og arkiv v/Setesdalsmuseet og Kuben, Åmli historielag og mange frivillge i Åmli. Mange privatpersonar i Åmli har lånt ut drakter og draktsølv til denne utstillinga.

I denne utstillinga får du sjå drakter og tilbehør frå Åmli gjennom 200 år, frå dei eldste bevarte folkedraktene til bunad og kjolemote.

Folkedraktene var dei kleda folk gjekk i til kvardag og fest, også kalla kledebunad. Dei endra seg langsamt, og var forma av lokal tradisjon i samspel med økonomi, handel og motetrendar. Sørlandet hadde nær kontakt med Europa, og sjøfolk hadde med seg både silketørkle, sølvband, brokade, damask og flamske og engelske klede. Dette finn vi igjen i folkedraktene. Stilhistorisk finn vi trekk heilt tilbake til renessansen på 1500-talet.

Mot slutten av 1800-talet overtok maskinsydde motekjolar gradvis for lokal draktskikk. Samtidig vaks det fram ei aukande interesse for det norske. Hulda Garborg skapte dei norske bunadene, inspirert av folkedrakter. Klara Semb overtok arbeidet med å rekonstruere lokal draktskikk, og var på Sørlandet tidleg på 1920-talet.

Dei første Åmlibunadene blei sydd på lokalt initiativ i 1925, og var ferdige til opninga av Elvarheim samfunnshus. Aust-Agder Ungdomslag starta eit systematisk arbeid med å lage ein bunad for vårt distrikt på 1940-talet og Husfliden i Arendal overtok produksjonen frå 1950-talet. Draktene tok utgangspunkt i eldre bevarte folkedrakter frå Åmli, Gjøvdal, Tovdal og Mykland. Desse bygdene utgjorde det tidlegare Åmli kyrkjesokn. Drakta blir difor kalla Åmlibunad.

Vi er glade for å kunne viser fram noko av det rike draktmangfaldet i Åmli i denne utstillinga.