Innlandsvatn og rolege elveløp på Agder var laglege ferdselsvegar for varetransport med stokkebåt alt tidleg i jernalderen. Det er gjort mange funn av stokkebåt i Aust-Agder. Ein av desse blei konservert og tatt vare på i 1996-1997 av Egil Knutsen og Bjørg Kleivene for framtidig utstilling på Elvarheim Museum. Dei fekk kyndig hjelp av Norsk Sjøfartsmuseum, og båten kan du sjå på Elvarheim i sommar. Utstillinga, som er laga i samarbeid med Setesdalsmuseet, viser også til viktige handelsvarer som blei transporterte frå Åmli til kysten i jernalderen. Det kunne vere myrjern, tjøre, ullvare, kleberprodukt og pelsverk.
Det vil også bli vist filmen «Stokkebåtprosjektet» som Norsk Sjøfartsmuseum laga i 2005 då ein eikestokk frå Skiftenes i Landvik blei frakta til Sjøfartsmuseet for å lage ein kopibåt. Filmen er ein del av Sommarutstillinga saman med ein kortfilm laga av Ågot Noss på Norsk Folkemuseum som viser ulike teknikkar for karding og spinning av ull.
Opning av utstillinga er fredag 28. juni klokka 17.