Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aslaug og Ragnvald Berli

Aslaug Og Ragnvald Berli
Aslaug Og Ragnvald Berli

Ragvald Berli (1907-1991) vaks opp på plassen Berli ved Øy. Han hadde ein stor søskenflokk, og familien levde som så mange i Åmli av jord- og skogsarbeid. Ragnvald Berli arbeidde i mange år som kommunekasserar i Åmli, og han var også politisk engasjert. Han sat fleire periodar i kommunestyret, og var aktiv målmann. I vaksen alder gifta han seg med Aslaug, og saman gav dei ut to diktsamlingar. 

Aslaug Berli (f. 1922) kjem frå ein stor familie på eit småbruk i Glemmen ved Fredrikstad. Ho flytta til Åmli då ho trefte Ragnvald. Også far til Aslaug skreiv dikt, og sjølv begynte ho å skrive tidleg i ungdommen. Ho har alltid vore glad i å lese. Mange av dikta hennar har fri form, og er opne for fleire tolkingar. Sjølv om ho har austlandsmål, skriv ho på nynorsk. Natur, relasjonar og filosofiske tema går igjen i fleire av dikta. Aslaug flytta til Kristiansand då mannen døydde, men bur no i trygdebustaden i Åmli. 

 Bjørka i Trogfjell-veggen