Trond Aslaksen (f. 1959) har budd og arbeidd i Åmli frå 1989-2013. Han har vore sterkt engasjert i bygda, og har vidareført engasjementet også etter at han flytta til Arendal i 2013. Trond jobbar no som rådmann i Risør kommune, men legg kvart år ned mykje arbeid som leiar av Heimoverfestivalen – den store musikkfestivalen i Åmli.
Trond har skrive dikt i fleire år, men først i 2015 blei dikta hans gitt ut samla i boka “Alltid aleine” gjennom Åmli boknemnd. Scott Aanby har illustrert fleire av dikta i boka, og bileta hans er presentert i denne utstillinga.