Kontakt English Kontakt oss English Nyhetsbrev
Tekststørrelse-ikon
PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Engvald Bakkan

Engvald Bakkan
Engvald Bakkan

Engvald Bakkan (1897-1982) vaks opp på farsgarden Bakkane på Tveit i Åmli. Han var son av lærar og bonde Olaf Salvesen, som var sterkt lokalhistorisk interessert, og mellom anna gav ut Åmlis første bygdesoge “Bidrag til Åmlis bygdehistorie” i 1936. Mora Signe Hansen var dotter til distriktslegen i Åmli. Engvald Bakkan utdanna seg til apotekar, og budde heile sitt vaksne liv utanfor Stavanger. Men det meste av stoffet til bøkene sine hentar han frå Åmli.

Han debuterte med romanen “Den kvelvde skåla” i 1930. Boka har handling frå Åmli og Raabyggelaget først på 1800-talet, og tek for seg kampen mellom dei rike kjøpmenn i byane og innlandsbøndene, som blei måtte selje tømmer til låge prisar, hogge ut skogen og ofte endte med å måtte gå frå gardane. Denne situasjonen fører til sterke motsetnader mellom far og son, og ender med drap. Bakkan var påverka av psykoanalysen, og nyttar ofte dei historiske hendingane som bakteppe for psykologiske studiar.

I hovudverket, trilogien “Krossen er din”, som kom ut mellom 1947 og 1952, tek Bakkan utgangspunkt i ei historisk hending frå byrjinga va 1700-talet. Han følgjer Knut Mjåvasstøyl og Inger Tallaksdotter Tverrstøyl som blei dømde til døden for samlivet sitt, då Inger var syster til Knut si avdøde kone Herbør. Etter tidas lov var dette rekna som blodskam; samliv mellom nære slektningar. Inger og Knut måtte leve som fredlause på heiane i Åmli i 31 år. Også dette er eit sterkt psykologisk drama, smelta saman med ei truverdig miljøskildring, lokal språkdrakt og historisk ramme frå Åmli.

 Engvald Bakkan gav ut til saman 11 bøker: 5 romarnar, 3 novellesamlingar og 3 barnebøker. Han fekk fleire litterære stipend, og fleire litteraturkritikarar har samanlikna han med forfattarar som Johan Falkberget, Olav Duun og Inge Krokann.

 

Engvald Bakkans litterære produksjon

1929: Mannstypen i Rasmus Lølands dikting. Ein litterær-psykoligisk studie, utgitt i bokform og offentleggjort i Syn og Segn, 1930.

1930: Svarte-Per og dei andre, barnebok med illustrasjonar av forfattaren

1931: Den kvelvde skåla, roman

1931: Men han var Aleksander (1939), roman

1942: Hos farfar og farmor, barnebok

1942: Bjørnen, reven og Pinn-Ola på eventyr, barnebok. Ny utgåve i 1967.

1947: Krossen er din. Rakel og kvervelvinden, band 1 i trilogien

1948: Gjennom fossane, band 2 i trilogien

1952: Regnbogen i toreskya, band 3 i trilogien

1953: Det blinde hjarta, novellesamling

1972: Noveller i utval

1976: Ei kvern som mel, novellesamling

 

Engvald Bakkan er også representert i følgjande novelleantoligiar:

1930: De 16 beste. Frå Tidens Tegns konkurranse med “Det linde hjerte”

1961: 13 noveller. Frå Dagbladets konkurranse med “Skuggar i lauv”

1965: Nynorsk novellekunst. Ved Halldis Moren Vesaas med “Nei, at du kom hit -?”

1966: Perler i prosa. Ved Edvard Beyer med “Det blinde hjarta”

1967: Norske noveller II. Ved Edvard Beyer i Norges Nasjonallitteratur, bind 37 med “Det blinde hjarta”

1969: Nynorske noveller. Ved Halldis Moren Vesaas og Leiv Fetveit med “Nei, at du kom hit-? (skuleutgåve av Nynorsk novellekunst med normaliserte tekstar)

1981: Eros beretter. Ved Nils Johan Rud med “Levande vatn over turr mold”