Skogen har i lang tid vore ei viktig næring i Åmli, og kommunen er den største skogkommunen i tidlegare Aust-Agder. To større vassdrag går gjennom kommunen. Dette gjeld Nidelva og Tovdals- vassdraget, der Nidelva er klart den største. Dette vassdraget går langt opp i Telemark og var fram til kring 1970 eit viktig flòtingsvassdrag for tømmer til verksemdene lenger nede mot kysten. I eit historisk perspektiv var tømmeret frå områda innover i landet eit svært viktig råstoff for sagbruk, skipsbygging, eksport til Nederland og England, og etter kvart også som råstoff til tremassefabrikkar nær kysten. Arendal feirar i år 300-års jubileum og det er ingen tvil om at tømmeret frå innlandet har vore svært viktig for utviklinga i Arendal og nærområda ikring. Skogen var viktig for skogeigaren som ein del av næringsgrunnlaget på bruket, men skogsarbeidaren og tømmerhoggaren var «slitaren» som stod for arbeidet med hogging, flòting og transport av tømmerstokkane fram til flòtingsvassdrag, og etter kvart bilveg.
I tidsrommet frå 1900 og fram til mekaniseringa i skogen for alvor skaut fart kring 1960/-70 talet var arbeidet med hogst, køyring og flòting eit tungt manuelt arbeid. Og i ein innlandskommune som Åmli var skogsarbeid eller anna gardsarbeid for svært mange einaste alternativ for jobb i lokalsamfunnet. Dette førte til at i mange 10-år var ein stor del av arbeidsføre menn i Åmli i arbeid som skogsarbeidarar.
Skogsarbeid var eit sesongarbeid som i all hovudsak gjekk føre seg om hausten og vinteren til litt ut på våren. For resten av året kunne tilgangen på arbeid for skogsarbeidarane vere nokså uviss. For nokre var floting viktig, andre kunne få litt arbeid med grøfting, vegarbeid, men også arbeid med slått og anna gardsarbeid. Det er ingen tvil om at for mange familiar med skogsarbeid som hovudyrke for mannen, var det svært tungt å få «endane til å møtast». Denne situasjonen førte til at det til og frå var harde konfliktar mellom skogeigarar og skogsarbeidarane om godtgjersla for skogsarbeid. Det blei danna eigne organisasjonar for arbeidsgjevarane og for skogsarbeidarane, og dette førte til ein tariff for korleis arbeid i skogen skulle betalast. Det var nok mange gonger usemje om korleis denne tariffen skulle tolkast, og kanskje i dei såkalla «harde 30-åra» var det vanskeleg for mange skogsarbeidarar og familiane deira.