«Yppigheds Indskrænkning»
– Sosial kontroll i krisetider
Av Bjørg Seland, professor emeritus i historie, Universitetet i Agder. Agderposten 23. april 2021.
Kor mange kan vi invitere til bryllup? Til barnedåp, konfirmasjon eller gravferd? Kor mange kan komme saman i vennelag? Slike spørsmål er vi blitt vane med å stille «under koronaen», og som gode borgarar er vi vel stort sett med på «den nasjonale dugnaden».
Vi må langt tilbake i tid for å finne liknande inngrep i dagleglivet til folk flest. Spanskesjuka var ei dyrekjøpt erfaring i førre hundreåret. Men tiltak for å avgrense fest og feiring har vore prøvd også i eldre tider. Mot slutten av 1700-talet oppheva den dansk-norske kongen den siste forordninga som regulerte talet på gjester ved bryllup og gravferd. Nokre tiår seinare blei liknande reglar forsøkt innført igjen, men no i form av ein «Æresforpligtelse» – ein avtale om frivillig innsats til felles beste i ei krisetid. Da sto det ikkje om pandemi og smittefare, men om fattigdom og forsyningskrise i kjølvatnet av napoeonskrigane.
Dei første tiåra av 1800-talet blei det i fleire norske bygder inngått avtalar der bøndene forplikta seg til å avstå frå «overdaadig» forbruk. Tiltaket hadde gjerne støtte i det lokale sokneselskapet, etter pådriv frå direksjonen i Selskapet for Norges Vel. Gjennom bladet Budstikken og andre trykte kjelder kjenner vi eit titals slike semjer frå tidsrommet 1804–1815. Med støtte i annan dokumentasjon kan vi følge utviklinga av liknande tiltak fram til i 1830-åra. Ser vi nærare på kva som motiverte initiativtakarane, finn vi nok ein og annan klage over «Usædelighed» og «Uorden» i samband med fuktige feiringar. Men i dei fleste avtalane er det sløsing med ressursar, «Overdaad» og «Ødselhet», ein oppgir som motiv.
Påboda som blei gitt, galdt særleg bryllup og gravferd. Men alle festskikkar skulle tøylast. I store trekk dreier det seg om å dempe hangen til gilde stasplagg og dyr bevertning. Der avtalen set grenser for kor mange som kan samlast, var talet typisk 32 ved bryllup – brudeparet medrekna – og festen måtte ikkje vare lenger enn ein dag. Matstellet skulle vere enkelt, kaffe og vin skulle ikkje serverast. Ved dåp, konfirmasjon og gravferd skulle talet på gjester vere høgst halvparten av det som galdt for bryllup.
Patriotisk «Nøisomhed»
Utover på 1700-talet hadde opplysningstidas samfunnsdebattantar tatt til orde for måtehald i patriotismens namn. Både i Danmark og Norge blei det skipa samanslutningar av ‘gode borgarar’ som gjorde det til ein del av sitt program å stagge overforbruk og lyst til luksus. Formålet for slike patriotiske selskap var å løfte fedrelandet både åndeleg og materielt. Selskapet for Norges Vel, stifta i 1809, blei den fremste samanslutninga for slike formål her i landet. Selskapet profilerte seg særleg på framhjelp av vitskap og næringsliv, men engasjementet for allmenn velferd førte også til uro over det ein såg som tiltakande «Ødselhed» mellom allmugen.
Fram mot 1814 kom den dansk-norske kongen med ei rekke nye forordningar som skulle fremje sparsemd og måtehald. I eit reskript frå 1812 viser Fredrik VI. til dei tunge følgene av krigstilstanden som rådde i Europa. Meir enn nokon gong galdt det å avgrense innførsel av utanlandske varer og styrke næringslivet innanlands. I sterke ordelag manar kongen også til lågare forbruk. I eit opprop datert 10. juni 1813 slår prins Christian Fredrik, som da var statthaldar i Norge, på dei same strengane. Særleg i desse åra, da folket leid under mangel på heilt nødvendige livsmiddel, oppfordra han til kraftfulle tiltak.
Selskapet for Norges Vel hadde tilslutning frå ei rekke sokneselskap, drivne av elitegrupper med lokale embetsmenn i spissen. Når fleire sokneselkap no sette seg føre å arbeide mot luksusforbruk, uttrykte medlemmene saktens vilje til å endre eigne vanar. Slik ville dei, saman med husstanden dei representerte, tene som gode eksempel for andre. Men semjene som sokneselskapet tok initiativ til, kunne omfatte både høg og låg i samfunnet.
Lokal variasjon
Den første avtalen som er gjengitt i Budstikken, var inngått i Valle i Setesdal i 1804. Initiativtakar var sokneprest Christian Aamodt. Da direksjonen i Selskapet for Norges Vel sju år seinare blei kjent med tiltaket, fann dei dette «saa mærkelig», at avtalen måtte offentleggjerast i fulltekst. Snart kunne bladet fortelje om liknande avtalar andre stader, dei fleste inngått i 1812 og 1813. I overblikk er det lett å sjå at det blei utvikla ein standard for kva slike avtalar skulle innehalde. Både i sak og form finn vi tydelege spor av eldre forelegg.
Dei som utforma semjene, har henta mykje frå ei kongeleg forordning frå mars 1783, som var retta mot allmugen. Det gjeld både påbod og sanksjonar, heilt ned på detaljplanet. Appellane om patriotisme og borgarånd er her, som i dei seinare semjene, underbygd med argumentasjon om at sløsing var til skade for landet. For å fremje den nasjonale økonomien blei det m.a. forbod mot å bære klede som var tilvirka av utanlandsk stoff. Det skulle heller ikkje vere lov å servere importerte drikkevarer til høgtid og fest.
Bestemmelsar om alkohol har ein sentral plass i avtalane. Presten i Valle kunne opplyse at det i desse traktene gjekk med opptil fire tønner malt når ein brygga øl til eit bryllup, som etter den lokale skikken strekte seg over fleire dagar. I tillegg skaffa verten gjerne eit par anker brennevin. I Sunndal på Nord-Møre hadde det vore vanleg å feire bryllup i fire dagar – fram til avtalen om måtehald blei tinglyst i 1813. Fleire stader blei det bestemt at ein til bryllup fekk bruke høgst ei tønne malt, og ikkje meir enn eit halvt anker brennevin. Somme stader blei det også forbode å by på andre «fremmede Drikke», som kaffe.
Når det gjeld klesdrakt, er somme avtalar svært detaljerte. Sokneselskapet i Vågå hadde ein regel om at ingen, verken mann eller kvinne, fekk eige meir enn to sett med klede: eitt til kvardags og eitt til høgtid og fest. Dei hadde alt klar ein modell for mannsdrakten, «og saavidt Qvinderne angaaer», skulle dei snarast søke «Raadførsel med deres Hustruer» og «andre brave Qvinder». I Fron, lengre sør i Gudbrandsdalen, ga dei endatil reglar for kisteklede til dei døde: «Intet Lig maa nedlægges i Kisten i kostbare men i simple og dertil passende Klæder», heiter det i den lokale avtalen frå 1813.
I tillegg til – eller i staden for – påbod og forbod, kunne sokneselskapa lokke med premiering. På Fåberg ved Lillehammer kunne «Brudepar af velhavende Folk» bli belønna med opptil 50 riksdalar, dersom dei «saameget som muligt» kledde seg i heimevirka klede på bryllupsdagen. Sokneselskapet for Moss og Rygge ville styrke kvinneleg husflid ved å love husmødrer opptil 20 riksdalar i premie, dersom dei kunne vise til stor heimeproduksjon av vadmål, verken, lerret og strie. Her kunne også dei unge jentene konkurrere om å bli den som hadde spunne og vove «det smukkeste Verken» til sin «Bryllupskledning». Vinnaren kunne pynte seg med eit silketørkle til ein verdi av 15-20 riksdalar.
Få avtalar går tett på spørsmålet om mat. Ein nøyer seg med det grunnleggande kravet om å feire «tarvelig» – i betydninga enkelt og nøysamt. Fleire avtalar forbyr uttrykkeleg sending, dvs. mat og drikke gjestene ga som tilskot til gjestebodskosten. Semjene seier i regelen ikkje noko om gaver frå foreldra til brudeparet, men det var klare forbod mot gaver frå gjestene. Særleg forargerleg var det å legge opp til at gjestene skulle gi pengar «i skåla», ein skikk som enkelte stader blei gjennomført ved at kjøgemeisteren kunngjorde for ein samla festlyd kor mykje kvar og ein hadde gitt.
Tilslutning frå allmugen
Ambisjonen om at bygdefolket skulle gi samtykke til avtalen, er tydeleg i alle semjene. Vanleg praksis var at reglane blei kunngjort i kyrkja, på kyrkjebakken eller på bygdetinget. Sjølve prosessen blei gjennomført på ymse vis. Fleire avtalar var underskrivne, men på svært ulike vilkår. I agderbygda Gjerstad var avtalen underskriven av medhjelparane og 25 «Sognemænd, udnævnte af hele Almuen, forsamlede i Gjerstad Kirke». Avtalen som skulle gjelde for Råde i Østfold, blei lagt fram på tinget, signert av presten og stadfesta «paa den hele Almues Vegne» ved underskrift av to menn som «eenstemmigen» var utvalde frå kvar av «Sognets … Fjerdinger». I Luster i Sogn var avtalen underskriven av 25 menn som forplikta seg på eigne vegner, og som skulle «foregaae Andre med godt Exempel».
Bildet er altså brokete. Det er uansett verd å merke seg at både kyrkjelege og rettslege instansar la vekt på å skaffe formelt samtykke frå bygdefolket. Men ser vi nærare på prosedyrane, dreier det seg om framgangsmåtar vi kjenner frå det gamle samfunnets kommunikasjon mellom øvrigheit og allmuge. Ein kan saktens spørje kor oppriktig folk flest har slutta opp om «frivillige» avtalar som blei inngått innanfor desse rammene.
Sanksjonar og kontroll
Alle semjene vi kjenner i fulltekst, har bestemmelsar om sanksjonar mot dei som braut reglane. Også her ser vi at dei gamle forordningane fekk gjelde som forelegg: Brot på avtalen skulle typisk straffast med bøter, og inntekten delast med ein halvdel til fattigkassa og ein halvdel til angivaren. For brot på bryllupsvedtektene var det vanleg med ei bot på 20 riksdalar og det halve av denne summen når det galdt gravferd. Der det var reglar for feiring av barnsøl / dåp og konfirmasjon, låg bøtene på same nivå som for regelbrot ved gravferd.
Enkelte avtalar har meir utførlege reglar, der bøtene skil i sum om det blei synda mot det eine eller andre bodet, og der også gjestene måtte stå til ansvar. Særleg i avtalar som blei tinglyst, er det uttrykkeleg opplyst at bøter som ikkje blei betalt, kunne inndrivast ved utpanting. Somme avtalar, som den frå Fron, har graderte bestemmelsar etter stand. «Gaardmænd» fekk bruke meir, men måtte også betale større bøter enn «Huusmandsfolk, Inderster og Tjenestefolk».
Kven skulle sjå til at avtalen blei halden? Somme stader fekk soknepresten ta ansvaret aleine, andre stader var det prestens medhjelparar eller andre utvalde menn som blei pålagt å halde kontroll. I Sunndal og Surnadal blei dei som fekk oppdraget, truga med bot om dei let vere å melde frå om brot på avtalen.
Liv og lære
Kva kom det ut av desse tiltaka? Førte avtalane verkeleg til varige haldningsendringar? Det har vi ikkje noko fullgodt svar på, men ut frå allmenn historiekunnskap veit vi jo at påbod om å gå i heimevirka klede snart måtte miste meining. Det er heller ikkje mykje som tyder på at dei sterke oppfordringane om å dempe forbruket, har fått verknad over tid. I 1811 kunne presten i Valle rett nok rapportere om positive følger for denne kyrkjelyden. Gjennom dei sju åra avtalen hadde stått ved lag, hadde den ikkje berre ført til «Moralitetens Forbedering», men også «sparet Præstegjeldet en 8 til 900 Rd. i aarlig Udgift». Andre stader er det meir likt til at avtalen var gløymd få år etter at den var underteikna.
Ser vi landet under eitt, får vi heller inntrykk av at feiring av bryllup og andre høgtider blei meir storslagne utover i 1830- og 1840-åra. I Strinda prestegjeld, tett ved Trondheim, klaga ein i 1832 over at 50–100 gjester sløste bort fire-fem dagar på å feire «Barnedaabs- Bryllup eller Begravelsesgilde», og at det ved slike høve gjekk med så store mengder mat og drikke at det la «de største Hindringer i Veien» for vekst og utvikling både av landbruk og andre næringar. I Orkdal, litt sør for Trondheim, rekna ein indignert skolelærar kring 1840 ut at 200 menneske kvart år nytta tolv til fjorten dagar berre på bryllupsfeiring. Festane var blitt så overdådige at både vertskapet og nærståande skyldfolk brukte ni-ti veker på førebuing. Frå same bygda er det bevart minnemateriale som fortel at eit «vanleg» bryllup på 1870-talet samla ca. 100 gjester og varte åtte dagar.
Vår tids kriser
Om ikkje lenge, får vi tru, er korona-pandemien under kontroll. Samfunnet kan opnast igjen, vi kan komme saman med familie og venner som før, og feire høgtider med så mange gjester som vi vil. Økonomane spår frislepp og «kjøpefest». Og da snakkar vi verkeleg om konsum – Ved førre årsskifte kunne Statistisk sentralbyrå notere at nordmenn, saman med innbyggarane i Luxemburg, var på europatoppen i personleg forbruk. Det er langt tilbake til det fattignorge der folk svalt når korntilførslene svikta. Men når pandemien er over, står vi framleis i ei tung og langvarig klimakrise. Skal vi nå måla vi har forplikta oss til i internasjonale avtalar, vil det uvegerleg krevje lågare forbruk, også på individuelt nivå. Er vi klare til å ta den dugnaden?
KJELDER
G. Mordt 2018: «Gjestebud og silkeklær…» Lokalhistorisk magasin 01/2011; B. Seland: «Nøysomheds Dyder»...; H. Try: «Det store bryllapet på Reiersdal…» Heimen 01/2020.
Artikkelserien «I et historisk lys» er et samarbeid mellom Aust-Agder museum og arkiv, Den norske historiske forening og ulike aviser på Agder. Felles for artiklene er at de presenterer aktuelle saker i et historisk lys. Artiklene står først på trykk i Agderposten. Deretter publiseres de på KUBENs nettsider.