Bakgrunn
Da den moderne fagorganisasjonen fikk sitt endelege gjennombrot i Norge på 1880-talet, var det i hovudsak mellom handverkarane i dei større byane. Utanom den handverksprega jern- og metallbransjen var industriarbeidarane treigare med å la seg organisere. Først med den nye, tunge industrialiseringsbølgja frå byrjinga av 1900-talet, basert på utanlandsk storkapital og utvinning av elektrisitet frå vasskraft, skaut fagorganiseringa fart mellom dei ufaglærte anleggs- og fabrikkarbeidarane i særleg den nye elektrometallurgiske og elektrokjemiske storindustrien og omdanna heile arbeidarrørsla frå å vere prega av handverkarar til å bli dominert av industriarbeidarar.
Frå 1900 til 1905 dobla Arbeidernes faglige landsorganisasjon (som var stifta i 1899) medlemstalet sitt frå 5 000 til 10 000. Så, bare på dei to neste åra fram til 1907, blei talet firedobla på ny, til 40 000 medlemmar. Brorparten av dei var ufaglærte anleggs- og industriarbeidarar som ikkje passa inn i noen av dei eksisterande fagforbunda, men derfor blei organisert i det eine forbundet for ufaglært arbeidskraft, opphavleg eit vegarbeidarforbund, Norsk Arbeidsmannsforbund. Men utviklinga hadde også ringverknader i form av sterk vekst i mellom anna Norsk Jern- og Metallarbeidarforbund og førte til at i 1907 gikk arbeidsgivarane (som hadde organisert seg i Norsk Arbeidsgiverforening i 1900) for første gong med på å inngå ein landsomfattande tariffavtale, Jernoverenskomsten av dette året.
Medlemstalet på 40 000 i LO i 1907 blei for øvrig ytterlegare firedobla til nærmare 160 000 i åra fram til 1920.
Eydehavn Arbeiderforening og Elektrokjemisk Arbeiderforening
På Eydehavn var det arbeidarane ved DNN som var først ute organiserte seg. Midt på sommaren 1912, den 12. juli, kom dei saman på Pålsodden på Staksnes og stifta ”Staksnæs Arbeiderforening”, som snart skifta namn til Elektrokjemisk Arbeiderforening.
Dryge året etter, den 1. august 1913, heldt 21 arbeidarar på Arendal Smelteverk møte og stifta fagforeininga på den verksemda, med namnet Eydehavn Arbeiderforening.
Begge desse foreiningane slutta seg frå starten til Norsk Arbeidsmannsforbund. Det vil seie at dei organiserte dei ufaglærte arbeidarane ved dei to storverksemdene, ikkje dei faglærte. Mekanikarar ved dei same verksemdene var organiserte i Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund, snikkarar i Treindustriarbeiderforbundet, elektrikarar i Elektrikerforbundet osv. Ei slik organisatorisk oppsplitting av arbeidarane innan same industriverksemder skulle halde fram heilt til den såkalla fagopposisjonen, under leiing av Martin Tranmæl, i 1923 delvis fikk gjennomført den gamle tanken sin om å omdanne LO frå å basere seg på fagforbund til å bygge på industriforbund. Frå dette året blei både Elektrokjemisk Arbeiderforening og Eydehavn Arbeiderforening, i likskap med arbeidarforeiningane i Norsk Hydro og heile den øvrige elektro-metallurgiske og –kjemiske industrien, ført over frå Norsk Arbeidsmannsforbund til det nye Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund og organiserte frå nå av ikkje bare dei ufaglærte, men samtlege arbeidarar, også mekanikarar, snikkarar og elektrikarar, på dei to respektive verksemdene sine.
Grunnlaget og formålet med fagorganisasjonen er kravet om kollektive tariffavtaler. Så lenge dei einskilte eigedomslause arbeidarane står aleine, ein og ein, overfor arbeidsgivarane på arbeidsmarknaden, kan arbeidsgivarane diktere løns- og arbeidsvilkår, for arbeidarane er heilt avhengige av å få selt arbeidskrafta si til dei for å overleve. Men arbeidsgivarane på si side er like avhengig av å få kjøpt arbeidskraft til å arbeide med dei produksjonsmidla og råstoffa som dei har monopolisert på sine hender. Ved å slå seg saman i fagforeiningar og seie at dersom dei ikkje får dei og dei vilkåra i form av kollektive avtaler, vil ingen av dei selje arbeidskrafta si til arbeidsgivaren – det vil seie truge med streik – kan arbeidarane veie opp mye av den makta arbeidsgivarane har i utgangspunktet.
Årlige tariffrevisjoner
Protokollen til Eydehavn Arbeiderforening fram til 1921 har gått tapt, det same har protokollen til Elektrokjemisk Arbeiderforening heilt fram til 1953. Men ingen ting i dei trykte meldingane som føreligg om dei to foreiningane heilt frå starten, tyder på at dei ikkje straks fikk verksemdene til å gå med på lokale kollektivavtaler, utan at det kom til arbeidskonfliktar. Motparten var moderne storverksemder som i ein situasjon med stigande konjunkturar og aukande mangel på arbeidskraft ikkje såg noen grunn til ikkje å anerkjenne fagorganisasjonen. Unntatt i 1919 gikk alle lokale årlige tariffrevisjoner ved Arendal Smelteverk heilt fram til 1938 i orden utan arbeidsstans, ved DNN med unntak også av 1918.
Arbeidskonflikter og krav
Den dominerande roen eller fråveret av arbeidskonfliktar hadde minst like mye med den moderate og ettergivande haldninga som dominerte i dei to fagforeiningane å gjøre, aller sterkast mellom Smelteverksarbeidarane, som med at leiinga i dei to verksemdene ikkje var direkte fagforeiningsfiendtleg. Eydehavn skilte seg på denne måten skarpt ut frå liknande nye industristader frå same periode, som Rjukan, Odda og litt seinare Sauda, som var prega av militante fagforeiningar, mange streikar og annan klassekamp og i det heile ei sterkt revolusjonært innstilt arbeidarrørsle.
Moderasjonen var altså særleg sterk i Eydehavn Arbeiderforening, det vil seie på Smelteverket. Skilnaden mellom denne foreininga og Elektrokjemisk Arbeiderforening kan mellom anna illustrerast med det som skjedde da arbeidarane på dei to verksemdene skulle ”ta” åttetimarsdagen i 1918. Begge foreningene blei einge om å gå frå dei to respektive arbeidsplassane etter åtte timar den 2. mai 1918, og på denne måten ”ta” den åttetimarsdagen som arbeidsgivarane ikkje ville gi dei. På DNN gikk arbeidarane, og dei gikk inn i ein langvarig konflikt, men ikkje på Smelteverket. Der blei dei ståande i arbeidet. ( les egen artikkel om konflikten)
I 1919 fikk derimot DNN-arbeidarane følgje av dei på Smelteverket da dei gikk ut i ein ny lokal konflikt. Etter å ha forkasta framlegga frå leiinga i verksemdene til ny overenskomst, streika Eydehavn-arbeidarane samla frå august og heilt til 12. desember same år, da leiinga ut frå meldinga til Eydehavn Arbeiderforening måtte gå med på dei smålåtne krava og gi lønstillegg. I meldinga frå Arendal Smelteverk for året 1919 heitte det derimot at arbeidarane fall frå særkrava sine, og at tariffen blei avslutta som i heile bransjen elles før arbeidet blei tatt opp att.
Begge partar ville med andre ord prøve å slå fast at dei ikkje hadde kjempa og ofra fåfengt, men gått sigrande ut av kampen.
Dette var den siste lokalkonflikten av noen storleik ved DNN og i Eydehavn i det heile. Seinare var dei to fagforeningane bare med i landsomfattande konfliktar leia av forbundet, som ”storstreiken” i 1921 og streiken i kjemisk i 1937.
Under storstreiken i 1921 blei det riktig nok lagt fram forslag på møte i Eydehavn Arbeiderforening om å melde seg ut av LO, danne ein eigen lokal foreining og bryte ut av streiken, men dette fikk ingen tilslutnad. Medlemmane ville heller vise ”samhold i storkampen”. Dei avviste derfor også eit utspell frå direktør Hammond om å ta opp att arbeidet i Sika-huset, slik at alle kunne takast inn att med ein gong når streiken var over. Smelteverket fikk derimot høve til å starte ferro-omnen før storstreiken stansa.
I åra som følgde, var det ei rekkje eksempel – ikkje, som meir vanleg, på at Norsk Arbeidsmannsforbund og frå 1924 Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund greip inn for å dempe pågåande og kampvillige arbeidarar lokalt – men på at forbundet måtte gripe inn for å hindre at Eydehavn Arbeiderforening gikk med på lokale vilkår som var dårlegare enn og braut med dei landsomfattande tariffavtalane. I 1922 klarte Smelteverksleiinga å utnytte depresjonen og arbeidsløysa til å presse foreiningsmedlemmane til å skrive under på ei oppseiingstid på to dagar, i staden for 14 dagar som det skulle vere ved konflikt, og deretter å krevje lønsnedslag. Etter inngrep frå Arbeidsmannsforbundet blei lønsnedslaget noe redusert. Men Smelteverket følgde opp med eigenmektig å sette ned ferien frå dei tariffesta 14 til åtte dagar, utan at arbeiderforeininga sette makt bak noe forsøk på å stanse det. På dette viset, som gikk på tvers av valdgiftsdommen ved oppgjøret i 1920, klarte Verket å redusere ferieutgiftene med nesten det halve (frå 19 000 til 10 004) og dermed få eit betre årsresultat.
I august gikk Smelteverket til ny oppseiing og kravde lønsreduksjonar på 25-30 %. Etter at arbeidarforeininga først hadde vedtatt å nekte å forhandle, gikk foreiningsformannen likevel ”på kontoret” og forhandla seg ned til eit resultat på 13% reduksjon.
Først da konjunkturane betra seg kraftig med prisstiging i 1923-24 kom arbeidarane på ein viss offensiv med krav om auke av ferien att til 14 dagar og om lønsauke. Men etter at Smelteverket hadde forkasta to meklingsframlegg som arbeidarforeininga først hadde godtatt, gikk arbeidarane med 41 mot 15 stemmer med på eit enda dårlegare tilbod frå Verket – i strid med Norsk Arbeidsmannsforbund sin vilje.
Det danna seg etter kvart eit mønster, der forbundet (frå nå av Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund) til fånyttes prøvde å få Eydehavn Arbeiderforening til ikkje å gå med på avtalar som senka lønsnivået i bransjen i det heile, medan foreiningsleiinga med dei aktive medlemmane i ryggen stadig kom til forståing med verksleiinga, gjennom private konferansar og på tvers av forbundslina. I 1929 godtok arbeidarforeininga og at Smelteverket ikkje ville opprette noen tariffavtale med bygningsarbeidarar som arbeidde med å utvide Verket. Bare overfor ei anna mindre verksemd, Neskilen Feltspatmølle, sette Eydehavn Arbeiderforening hardt mot hardt. Da mølla nekta å inngå tariffavtale, gav foreininga medlemskap og støtte til dei streikande møllearbeidarane, som dermed vann fram. (Feltspatmølla brann elles ned til grunnen etter tariffrevisjonen i 1928.)
Det lokale mønsteret heldt fram også etter at Arendal Smelteverk meldte seg inn i Norsk Arbeidsgiverforening i 1924, samstundes som Norsk Kjemisk blei danna og samla alle arbeidarane i den elektro-kjemiske og –metallurgiske industrien. Sjølv om det dermed blei slutt på dei lokale tariffrevisjonane, førte særleg den forsterka rasjonaliseringa som nå følgde, til eit utal lokale tvistar om arbeidstids- og mannskapsspørsmål. Utviklinga blei mellom anna prega av at verksleiinga ofte klarte å bli samd direkte med dei arbeidarane det gjaldt, heilt på sida av foreininga.
Rasjonalisering og lausarbeid
Finnes det noe intervjumateriale
sett in noen av studiene fra arkviet
Rasjonaliseringa skaut fart for alvor etter at Smelteverket i 1926gikk til oppseiing av ingeniør Gill, fordi han ”sto seg for godt med” arbeidarane, som det heiter i protokollen til Eydehavn Arbeiderforening. Foreininga kom ingen veg med ein protest mot oppseiinga, og samla derfor inn pengar til ei gåve til ingeniøren, som elles var pleiefaren til den seinare så kjente lyrikaren og skodespelaren Clas Gill (som altså voks opp i ein av villaene på Buøya, men nå måtte flytte med faren til Bergen).
Gill blei erstatta av ingeniør Georg Bull, som snart blei ein frykta og namngjeten krumtapp i ei meir og meir intens rasjonalisering, i form av reduksjonar i arbeidsstokken utan innføring av nytt maskineri eller anna teknisk utstyr. Mellom anna gikk han om att og om att til reduksjonar på eige hand av ikke-tarifferte faste akkordprisar. Det enda her med at han fikk foreininga med på at han i spørsmålet om slike prisar skulle kunne forhandle direkte med det einskilte arbeidslaget, utanom å gå vegen om foreininga.
I slutten av 1931, da arbeidsløysa var i ferd med å sette mellomkrigsrekord, gikk Eydehavn Arbeiderforening til og med med på, etter krav frå Bull, at ein einskilt arbeidar som hadde fylt 19 år, ikkje skulle få den høgare vaksenløna han nå hadde krav på. Det var betre å få ha arbeidsplassen som Bull truga med at han elles ville miste.
Bull var ein hard negl som dersom han fann det for godt, sparka folk på minuttet der han kom rundt og inspiserte arbeidet når som helst på døgeret. Folk var så redde for at han skulle ta dei i ei røykepause eller anna unnasluntring, at han bokstavleg talt kunne skremme livskiten ut av einskilte. Under krisa blei arbeidsløysa brukt til å fremme rasjonalisering og intensivering av arbeidet, noe som igjen bidrog til å auke arbeidsløysa. Det var nok av arbeidsvillige utanfor fabrikkporten som stod klare til å ta over for folk som mista jobben fordi dei ikkje ville lystre ordre.
Overfor dei arbeidslause utanfor porten praktiserte ingeniør Bull eit lausarbeidssystem som Eydehavn Arbeiderforening ikkje våga å gjøre noe med. Dei heldt gjerne til i åsen oppafor torget der dei fordreiv tida med poker og anna kortspel. Så kunne det komme folk frå Smelteverket og spørre etter folk til for eksempel å losse ein kvartslekter.
Folk som satsa på å få slike lossejobbar, måtte bare stille opp utanfor fabrikkporten og vente, ofte utan resultat den dagen. Dei kunne ikkje fagorganisere seg, for dei fikk ikkje noe prov på at dei var tilsette. Dei som hadde hatt arbeid i noen dagar og bad om å få eit slikt prov, blei straks utelukka frå arbeidet før dei kunne bli tatt inn att noen dagar seinare. Dermed våga ikkje folk å be om prov. Det var eksempel på folk som arbeidde kvar dag på Smelteverket i opp til eitt år utan å få noe tilsettingsprov.
Arbeidsstokken på Smelteverket var på førehand splitta mellom ufaglærte skiftarbeidarar som ofte ikkje kunne vere til stades på foreiningsmøta, og faglærte dagtidsarbeidarar som mekanikarar og liknande, som dominerte foreininga. Nå blei han også delt mellom dei som hadde fast jobb og var organiserte, og lausarbeidarane som stod utanfor foreininga. Systemet med midlertidige tilsettingar er med andre ord ikkje noen ny oppfinning av i dag. Så seint som i 1935, da konjunkturane var i ferd med å betre seg og arbeidsløysa var på full fart nedover, var det mye lausarbeid, det vil seie midlertidige tilsettingar, på Smelteverket, og da det kom ein klage frå dei arbeidslause si foreining, avviste Eydehavn Arbeiderforening klagen med å uttale at ”den ordningen som ing. Bull har praktisert, var tilfredsstillende, å komme med noget krav, kunne føre til det verre for de arbeidsløse”.
Åttetimers-dagen og sekstimersskift
Først i 1937, da arbeidsløysa i landet nådde eit lågmål, i Stokken kommune med bare 12 ledige, blei det slutt på lausarbeidssystemet til ingeniør Bull, for nå fantest det rett og slett ikkje ledige rekrutter til systemet. Same året kom det til ein månadslang landsomfattande streik i Norsk Kjemisk som arbeidarane både på Smelteverket og på Nitriden tok del i. Men straks streiken starta, følgde styret i Eydehavn Arbeiderforening eit ”pålegg” frå ingeniør Bull om å ta ut folk til å losse ein båt som låg ved kaia. Derimot ville foreiningsstyret ikkje fylgje eit krav frå Bull om å få folk til å halde transformatoren i gang.
Frå første stund var arbeidstidsspørsmålet eit spesielt viktig spørsmål for arbeidarar som arbeidde skift under helseskadelege tilhøve i prosessindustrien. Fram til innføringa av åttetimarsdagen i 1918-19 arbeidde skiftfolka åttetimarsskift alle sju døger i veka. Med åttetimarsdagen for dagarbeidet fikk skiftarbeidarane ein fridag i veka. Mellom andre omnshusarbeidarane på Smelteverket var ikkje nøgde med dette. Dei kravde seks timarsskift, og for å få slutt på den langvarige streiken hausten 1919 lovte Smelteverket å innføre seks timars skift frå og med 1. mai 1920, eit løfte det heldt.
Men sekstimarsskiftet gikk tapt att bare knappe to år etter. Hausten 1921 braut Agdesidens Bank saman ikkje minst på grunn av tap banken hadde på Smelteverket, og med raskt aukande arbeidsløyse måtte omnshusarbeidarane bøye seg for kravet frå verksemda og gå attende til åttetimarsskift. Dei kom ingen veg da dei tok opp saka igjen i samband med rasjonaliseringsspørsmålet i 1925. Heller ikkje da kravet om sekstimarsskift blei reist ved den landsomfattande tariffrevisjonen i 1937, saman med eit krav om sju timars dagarbeid, vann det fram.
Krava om nedsett arbeidstid i 1937 hadde bakgrunn i røynsler med at arbeidsløysa og hennar skadelege verknader på fagorganiseringa. Ved å dele på det arbeidet som fantest, kunne arbeidarane halde saman i arbeid og fagforeiningsliv i staden for at ein del av arbeidarane blei sette utanfor fabrikkportane og dermed også fagorganisasjonen.
På byrjinga av 1930-talet var det spesielt mange uorganiserte mellom arbeidarane i Stokken, også mellom dei som var fast tilsette på dei to store industriverksemdene. Det skal ha sine grunnar i utskriving av ekstrakontingentar og i dei lange tariffperiodane som gjorde nytta av fagorganisasjonen mindre synleg, men visstnok også i det som blei kalla ”denne bedehusepidemien”, særleg rundt pinsevenene i Filadelfia. På Nitriden var det i 1931 heile 75 uorganiserte arbeidarar, på Smelteverket 30.
Overfor desse uorganiserte gjorde foreiningane ved dei to storverksemdene felles sak ved saman å vedta at dei måtte gå først, framfor dei organiserte, ved driftsreduksjonar. Her stod dei saman mot Norsk Kjemisk som dei begge var medlemmar i, og som søkte å hindre aksjonar mot dei uorganiserte. Dei måtte i staden vinnast som medlemmar.
til toppen
Driftsreduksjoner
Elles stod Elektrokjemisk Arbeiderforening ved DNN og Eydehavn Arbeiderforening ved Arendal Smelteverk for heilt ulike liner i spørsmålet om korleis driftsreduksjonar skulle møtast. Medan Eydehavn Arbeiderforening gikk med på at delar av arbeidsstokken blei sagt opp og utelukka frå fast arbeid, noe som var ein nødvendig føresetnad for lausarbeidssystemet til ingeniør Bull, gikk Elektrokjemisk nesten konsekvent, altså med unntak av for uorganiserte, inn for at det arbeidet som fantest, måtte rasjonerast eller delast på mellom arbeidarane, ved hjelp av redusert arbeidstid for alle. Dette gikk også DNN-leiinga med på.
Eydehavn Arbeiderforening stod mellom anna på at arbeidarar som budde utanbygds, altså utanfor Stokken, måtte gå foran dei som hadde heimstavn i kommunen, medan Elektrokjemisk meinte at arbeidet måtte delast likt også mellom utan- og innanbygdsbuande arbeidarar.
Dei ulike linene viste seg mellom anna i at bare Elektrokjemisk Arbeiderforening, aldri Eydehavn Arbeiderforening, søkte Stokken herredsstyre om skattelette for arbeidarane på grunn av rasjonering av arbeidet og dermed lågare inntekter for arbeidarane. Folk som arbeidde i industrien i mellomkrigstida, har fortalt om korleis Elektrokjemisk under den verste krisa heldt alle i rasjonert arbeid, mens det på Arendal Smelteverk bare var ut med dei som ikkje passa, etter kva ein mann som ingeniør Bull fann for godt. Det var ei hardare leiing på Smelteverket, og arbeidarane der var mye meir redde enn på DNN. På DNN blei det praktisert nedsett arbeidstida til 3-4 dagar i uka framfor oppseiing eller permittering av delar av arbeidarane. På Smelteverket var det hardare tilhøve, høgare tempo og stadige oppseiingar. Ein ”aristokratisk” kjerne i fagforeininga hadde det bra og var i stand til å dominere og passe på privilegia sine, medan lausarbeidarane som ikkje kunne få organisert seg, gikk for lut og kaldt vatn.
Det var riktig nok drakamp om denne lina innan foreininga. Både i 1934 og i 1939 gjorde foreininga, for eksempel, vedtak med knappe fleirtal (29 mot 23 stemmer og 48 mot 43) å gå med på oppseiingar framfor å dele på arbeidet, og rundt dette var det mye opphissa stemning og munnhoggeri.
Først med den aukande sysselsettinga og dei betre konjunkturane og Nygaardsvold-regjeringa frå 1935 sette dette systemet ut av spell. Også den nye foreininga av dei arbeidslause som blei danna det same året, bidrog til å fjerne lausarbeidssystemet.
Lausarbeidssystemet kom heller ikkje attende i etterkrigstida. Ein skal heilt fram til siste fjerdedelen av det tjuende århundret og vår eigen tid, med ei ny permanent massearbeidsløyse, for å finne tendensar til at det står opp att.
Etter 1945
Dei første 30 åra etter krigen blei prega av gode atterreisingskonjunkturar, full sysselsetting og dermed stor makt for arbeidarane og deira organiserte rørsle. På Arendal Smelteverk førte dette til at den tidlegare så moderate Eydehavn Arbeiderforening blei meir pågåande og ofte hamna i venstreopposisjon til leiinga i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund.
Den nye profilen viste seg for det første i at foreininga på ny stilte krav om 6 timars skift og 36 timars skiftarbeidsuke, forutan kortare dagarbeidsveke, både i 1945, 1946 og 1947. Kravet var grunngitt med silikosen som var oppdaga på Smelteverket under okkupasjonen, og med frykt for ny arbeidsløyse. Smelteverksarbeidarane ville nå altså dele på arbeidet dersom det blei mangel på det, og til skilnad frå mellomkrigstida ville dei gjøre det med full lønskompensasjon, det vil seie med kortare arbeidstid, men same løn som før. Etter ein framstøyt som ikkje førte fram overfor Arbeidstilsynet i 1947, blei kravet gitt opp.
Bilde av fane (se alle fanene) |
Men da Hydro-arbeidarane på Herøya gikk til ein seks vekers ulovleg streik for kortare skiftsarbeidstid i 1948, ein konflikt som utvikla seg til å bli eit generaloppgjør mellom Arbeidarpartiet og Kommunistpartiet om hegemoniet i fagrørsla, var Eydehavn Arbeiderforening mellom dei som støtta streiken og fikk refs frå forbundsleiinga for det. Som forbundsleiaren peika på, var det da også bare 13 av 17 frammøtte og 199 foreiningsmedlemmar som hadde fatta vedtaket om støtte.Herøya-arbeidarane måtte gå attende til arbeidet utan resultat, og det var Arbeiderpartiet som gikk sigrande ut av dette oppgjøret med kommunistane. Men streiken var ein viktig del av bakgrunnen for at frå 1950 blei skiftarbeidstida ved lov sette ned frå 48 til 45 timar og 20 minutt pr. veke. I 1958 kom det ein ytterlegare reduksjon til 42 timar.
Eydehavn Arbeiderforening slutta seg til opposisjonen i Norsk Kjemisk ikkje bare i spørsmålet om Herøya-streiken. Foreininga protesterte også mot forbundsleiinga si medverknad til Arbeidarparti-regjeringa si stabiliseringline da forbundet ved tariffoppgjøret i 1946 godtok framlegget frå motparten ”over bordet”, det vil seie utan å legge det fram for medlemmane. I 1949 var foreininga såleis også motstandar av å gi forhandlingsutvalet fullmakt til på ny å godta noe forslag på same måte. I 1957 slutta ho seg til protestane mot dommen i lønsnemnda som blei vedtatt for Norsk Kjemisk det året.
1950-åra var elles rolege år i tilhøvet mellom fagforeining og Smelteverk. Dei var også rolege år i fagforeininga i meir snever og negativ forstand. I likskap med under NS-styret og den tyske okkupasjonen, da fagorganisasjonen hadde kommi i ”ei ny stilling”, som det heitte, var aktiviteten og oppmøtet i foreininga svært låg i 1950-åra, da harmonien i det norske samfunnet kunne synast å vere på sitt høgste og mange hevda at klassane og dei sosiale motsetningane ikkje lenger fantest. På 1950-talet var det ofte bare fire-fem til stades på møta. I 1919 hadde Eydehavn Arbeiderforening fått ny fane, måla av dekorasjonskunstnaren Leonard Richard frå Arendal, med påskrifta ”Enighet gjør sterk. Kapitalismens drage skal fjernes”. Det lå mye treffande sympolikk i at i 1955 gravla Eydehavn Arbeiderforening den gamle fana si i eit varetrekk og erstatta den med ei ny med mottoet ”Samhold gir styrke”. Fagforeinings- og Arbeidarparti-mannen Halvor Hansen heldt ”gravtalen” med å seie at nå kunne arbeidarar og arbeidsgivarar møtast til forhandlingar på like fot: ”Arbeidsgiverne kan ikke lenger skremme, verken med drage eller noe annet”. |
Bilde av fane (se alle fanene)
|
til toppen
Arbeids- og tidsstudier
Bare om arbeids- og tidsstudiar som ledd i rasjonaliseringa var det noen motsetningar å snakke om. Dei første åra etter krigen gikk Eydehavn Arbeiderforening med på dei rasjonaliseringstltaka som Georg Bull, nå med tittelen teknisk direktør, tok initiativ til, så fremt dei gav høgare løn og mindre ulemper. Men i 1950 sette ho foten ned for å innføre arbeids- og tidsstudiar og i det heile for den måten rasjonaliseringa nå blei drivi på. Tre år etter, i 1953, gav foreininga likevel etter for presset og valde arbeids- og tidsstudiemann. På vedlikehaldsavdelinga, der motstanden var sterkast, blei desse studiane først forsøkt innført i 1962, noe som førte til at den valte arbeids- og tidsstudiemannen blei fritatt for vervet på grunn av den handsaminga han blei utsett for på denne avdelinga.
Også etter andre verdskrigen var det meir konflikt på Nitriden enn på Smelteverket. På Nitriden var motstanden mot tids- og arbeidsstudiar så sterk at slike rasjonaliseringsmetodar aldri blei innført der før nedlegginga av heile verksemda i 1975. 1950-åra var mellom anna prega av tvistar om overtid og skiftarbeid. I 1954 søkte Elektrokjemisk Arbeiderforening å komme det ho såg som ”overtidsuvesenet” til livs ved å føre opp overtida til den einskilte arbeidaren på ei oppslagstavle, men dette tiltaket blei stansa av DNN-leiinga etter inngrep frå sentralt hald i Norsk Arbeidsgiverforening. Same året gav styret i foreininga, for å unngå erstatningsansvar, grønt lys for folka i ”stekeriet” til å gjennomføre ein aksjon på sida av foreininga, lover og avtaler – ein aksjon som for øvrig enda med godt resultat.
1950-talet var elles prega av forsøk på å løyse problema med astmaen som mange av arbeidarane på Nitriden blei plaga av. Elektrokjemisk Arbeiderforening var også sterkt misnøgd med sentraliseringa av lønsoppgjøra som sette foreiningane og medlemmane utanfor all avgjerdsmakt gjennom fellesoppgjør, kopling av røystingar over framlegg til avtaler, fullmakter til å godta forslag over bordet, og tvungne lønsnemnder. I 1958 førte dette til at ho kravde ekstraordinært landsmøte i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund. I 1959 trakk foreininga seg frå alle samarbeidsorgan med DNN i protest mot at verksemda, ved arbeidstidsforkortinga ved lov det året, inndrog all fritid som arbeidarane fram til da hadde hatt til å ete og vaske seg.
Kvifor skilnader?
Kva kunne skilnadene mellom tilhøva på dei to storverksemdene og dei to tilsvarande fagforeiningane ha med å gjøre?
Det første som er nærliggande for å svare på dette spørsmålet, er å sjå nærmare på rekrutteringa til dei to verksemdene. I første omgang er likskapen i den geografiske rekrutteringa til dei to verksemdene meir påfallande enn skilnaden. Når det gjeld skilnader, hadde Smelteverket flest aust-egdar og utlendingar, og Nitriden hadde flest austlendingar og folk frå Holt. Vi kan slå fast at at det var større stabilitet og mindre utskifting i arbeidsstokken på Nitriden enn på Smelteverket. Men dette må ikkje bare sjåast ut frå geografisk og sosial rekrutteringsbasis, men også ut frå graden og arten av produksjonsstansar, driftsreduksjonar og rasjonaliseringar på dei to verksemdene, kanskje også i samanheng med arbeidsmiljøet på dei to fabrikkane.(se egen artikkel: "En fornyet befolkning og rekruttering til bedriftene")
Klassemedvitet og viljen til å føre klassekamp frå dag til dag kan synast å ha stått noe sterkare på Nitriden enn på Smelteverket, og Eydehavn Arbeiderforening stod i eit nærmare og betre samarbeidstilhøve til Smelteverksleiinga enn Elektrokjemisk til Nitriden. Dette må sjåast i samanheng med rekrutteringa til dei to verksemdene. Det må også trekkast inn at Arendal Smelteverk var eit einskiltståande føretak som hadde hovudkontoret sitt på staden i Stokken, medan DNN frå første stund var ein del av eit verdsomspanande konsern og styrt av krefter langt utanfor ikkje bare Stokken, men landet sine grenser. På Smelteverket var makta personleg til stades og tilgjengeleg, på Nitriden var makta fjern og framand, personleg bare representert av høgskuleutdanna ingeniørar og andre oppsynsmenn.
Folk på Eydehavn opplevde heller ikkje det nye tilveret som industriproletarar som noe steg nedover på samfunnsstigen. Fast arbeid og inntekt – og løsrivinga frå å vere avhengige av godtykket til einskiltpersonar – representerte både eit stort materielt framskritt og ei personleg frigjøring. ( se også artikkelen "Eydehavn i verda")
Elementære krav og rettar kunne dei få sikra gjennom kollektiv organisering i lag med dei mange kameratane som dei dagleg arbeidde side om side med.
Trass i helseskadeleg slit i støv, røyk og varme blei Eydehavn opplevd som ei trygg øy full av framtidshåp, i eit hav av utryggleik elles i Aust-Agder, mellom anna i nabobyen Arendal som ikkje viste noen tegn til å vere i stand til å komme seg på beina igjen etter samanbrotet for den tradisjonelle tre- og seilskipsfarten. Eydehavn og Stokken var eit slag nybyggarsamfunn, der det helt overveldande fleirtalet av folkesetnaden som industriarbeidarane utgjorde etter at Stokken reiv seg laus frå Austre Moland og blei eigen kommune i 1919, fikk kjensle av at dei med ein stor monn av fridom saman kunne skape seg eit nytt og betre tilvere, utan å bli hindra av politiske motstandarar av noen særleg vekt.
Eit slikt samfunn kalla på lokalt samhold og samarbeid – framfor klassekamp basert på solidaritet ut over og på tvers av bygdegrensene.
til toppen
I ”grenseland”: Formanns- og funksjonærorganisering
Sjølve ”byanlegget” Eydehavn i Stokken kommune var, på line med industrisamfunn frå same tid som Rjukan og Odda, strengt delt opp etter sosiale skilleliner. Dersom ein kom inn i Eydehavn frå brua over Neskilen, passerte ein først arbeidarbustadene opp til Torget. Frå Torget førte ”formannsgata”, med sine mindre formanns- og funksjonærvillaer, bort mot fabrikkane, først Arendal Smelteverk, så Nitriden lenger aust. Dersom ein passerte fabrikkportane og gikk vidare austover, kom ein snart til hengebrua over til Buøya, der det var adgang forbode for arbeidarar og andre uvedkommande, og der dei gedigne ingeniør- og direktørbustadene med deira velstrigla hagar låg med vakkert utsyn ut i havet gjennom den austre enden av Tromøy-sundet.
Ingeniørane og direktørane hadde sine eigne formelle og uformelle nettverk som var viktige nok. Men i arbeidslivssamanheng var det kanskje viktigast at arbeidsgivarane, Arendal Smelteverk frå 1925, var organiserte i Norsk Arbeidsgiverforening, arbeidsgivarane sitt sentraliserte svar på Arbeidernes faglige landsorganisasjon (AFL, i dag LO).
Dei som stod ”barken og veden” – formenn og andre ulike industrifunksjonærar – hadde vanskelegare for å finne ut kor dei høyrte heime og for å organisere seg i interessesamanslutningar. Særleg kontorfunksjonærane - som hadde sete i dei same bygningane som direktørane, ingeniørane og andre sjefar, byrja på jobben fleire timar etter arbeidarane om morgonen, ikkje fikk annan skit på fingrane enn flekkar av blekk og sverte, og som til dagleg gikk kledte i finbukser, jakke, kvit skjorte og slips på jobben – var svært seint ute med å organisere seg fagleg, på Eydehavn først på 1950- og 1960-talet, og da helst i ”gule” organisasjonar utanfor LO.
Arbeidsleiarar (formenn) og tekniske funksjonærar var tidlegare ute. Dei var som regel rekruttert frå vanlege produksjonsarbeidarar, hadde røynsle frå fagorganisasjonen og stod fjernare frå verksemdleiinga – eller dei hadde kanskje ein lågare teknisk fagutdanning og tok direkte del i produksjonen.
Formenn og tekniske funksjonærar ved Smelteverket og Nitriden organiserte seg allereide i 1916, i Eydehavns Arbeidslederforening som blei stifta 22. januar det året under namnet Eydehavns formands- og verksmesterforening, med ti medlemmar. Foreininga slutta seg til det ”gule” Norsk Arbeidslederforbund som avdeling 30 i dette forbundet. Frå starten var lønstilhøve viktigaste saka for foreininga, som var stifta for å få til kollektiv framfor individuell avlønning. Organiseringa av formennene og dei tekniske funksjonærane var på denne måten tydeleg inspirert av LO og dei resultata LO etter kvart oppnådde med den raske veksten i organisasjonen fram mot 1920. Omkring 1918 gikk Eydehavn Arbeidslederforening til og med inn for å omdanne Norsk Arbeidslederforbund til det ho kalla ein ”kamporganisasjon”, riktig nok uavhengig av, men tydeleg inspirert av LO. Frå 1918 gikk foreininga også inn for å få bort stemplinga, men utan å komme noen veg overfor Smelteverksleiinga. Samstundes heldt ho fast ved dei ærbødige formene ved å sende ”takkeskrivelser” til verksleiingane for den lønsreguleringa som fann stad.
At arbeidsleiarforeininga ikkje stod alt for fjernt frå den faglege og politiske arbeidarrørsla, kom også til uttrykk i at formannen i foreininga i 1918, Thv. Rønning, hadde vori suppleant til det første styret i Eydehavn Arbeidarparti da det blei stifta i 1916, for øvrig med den mangeårige formannen i arbeidarforeininga ved Nitriden, Syver Kristiansen, som nestleiar. Fråstanden mellom LO-folka og dei leiande i arbeidsleiarforeininga var med andre ord ikkje alt for stor, sjølv om arbeidsleiarane ville vere uavhengige i tilhøvet til LO. Men dette kunne og ha med å gjøre både at arbeidarane heller ikkje nødvendigvis ville ha med sine eigne formenn i sin eigen faglege organisasjon, og at arbeidsgivarane ville ha sette seg på bakbeina mot at formennene organiserte seg i same samanslutning som arbeidarane.
Med etterkrigsdepresjonen, den permanente arbeidsløysa og svekkinga av LO frå og med 1921, gikk også Eydehavn Arbeidslederforening inn i ein lengre stagnasjonsperiode der ho utarta i retning av ein selskapsklubb. I 1929 fikk foreininga ein eigen ”dameklubb” som var med på dei aktivitetene som nå prega foreininga: Utloddingar, trakteringar og søndagsutfluktar i skjergarden.
Etter krigen blei Eydehavn Arbeidslederforening på ny meir prega av løns- og andre vanlege fagforeiningssaker. Da DNN innførte stempling att for arbeidsleiarane på denne verksemda i 1960, protesterte foreininga mot dette, men måtte gi seg. Foreininga stod framleis utanfor LO, men heldt fram med å ha medlemmar som òg var medlemmar av Arbeidarpartiet, også etter danninga av den LO-tilslutta Eydehavn tekniske funksjonærforening i 1950.
Eydehavn tekniske funksjonærforening blei stifta som ein del av den kampen som den faglege og politiske arbeidarrørsla gjennomførte omkring 1950 for formenn og tekniske funksjonærer sin rett til å organisere seg fagleg i LO, ved å danne Norsk forbund for arbeidsledere og tekniske funksjonærer, populært kalla ”Nøffetøff”, der Eydehavn-mannen og den opphavlege Nitriden-arbeidaren Roar Helgesen (f. 1932) seinare blei leiar. Kampen førte fram til at fleirtalet i Stortinget i 1951, mot stemmene frå dei borgarlege partia, vedtok ei lov, kalla Lex Askim, som gav desse gruppene rett til å organisere seg.
Eydehavn tekniske funksjonærforeing fikk først og fremst medlemmar på Nitriden, medan den ”gule” arbeidsleiarforeininga dermed heldt fram med å dominere på Smelteverket. Den nye foreininga hadde 16 medlemmar i starten, 18 i 1952, 19 i 1953, 11 i 1958, 20 i 1962. Men trass i at ingen kunne nekte dei å organisere seg, var verksemdene heller ikkje forplikta til å gjøre noen kollektivavtale med dei. Såleis tok det fleire tiår før foreininga, bare få år før Nitriden blei lagt ned i 1975, fikk oppretta tariffavtale for medlemmane sine.
til toppen |